Historisk konferanse på Landeskogen i Bygland

Med bakgrunn i all den merksemd koronaen har fått det siste halvanna året, blir det 19. -20. november arrangert ein helsehistorisk konferanse på det gamle sanatoriet Landeskogen i Bygland og Setesdal. Vi har kalla den Frå radesjuke til korona. Det dreiar seg om 250 års historie om epidemiske og smittsomme sjukdommar, og korleis desse har slått ut i Agder.

På Landeskogen er det gode fasilitetar med både kafeteria, møtesal med plass til 120, og det er opplegg for å overføre konferansen til dei som berre vil delta digitalt (sjå landeskogen.no). Dei som vil vere med over to dagar, kan overnatte på Revsnes Hotell, og det er elles hytteutleige og campingplass i nærleiken. Av formelle grunnar står Nordstrand Media AS for opplegget, men det blir indirekte støtta av Agder Historielag, Setesdal Sogelag og Landeskogen Peace Center.

Arrangementet er ope for alle, men det er eit mål å gi historielaga meir bakgrunnstoff om korleis epidemiar har slått ut og vart bekjempa,. Andre interesserte i historie, helse og helsepolitikk, samt helsepersonell og studentar, blir også oppfordra til delta.

Programmet

Professor Ole Georg Moseng har skrive første bindet i helsevesenet si historie (1603-1850). Han vil innleie konferansen fredag med både eit globalt og norsk perspektiv på store epidemiar. Fredag står dessutan særleg den gåtefulle radesjuka og tuberkulosen i sentrum. Desse arta seg ikkje som akutte epidemiar, men fekk ei lang historie full av smertefull liding og for mange ein tidleg død. Den legeutdanna medisinhistorikaren Anne Helene Kveim Lie ved Univ. i Oslo har skrive avhandling om radesjuka og innleier. Emnet blir følgd opp for Agder av Roger Tronstad ved Statsarkivet i Kristiansand.

Tuberkulosen blir tatt opp av forfattar og journalist Halvor Fjermeros. Ikkje berre blei kampen mot den ei viktig offentleg oppgåve, men involverte også store frivillige foreningar. Den var lenge den sentrale oppgåva for landets største kvinneorganisasjon, Norske Kvinners Sanitetsforening (1896). Det same gjaldt Nasjonalforeningen mot tuberkulosen (1910), den noverande Nasjonalforeningen for folkehelsen, med dei tilhøyrande helselaga. Lege og leiar i Setesdal Sogelag Vidar Toreid vil ta for seg helselaga.

Sjølv om ein lenge ikkje visste om bakteriar og virus, var det ikkje vanskeleg å sjå at sjukdom kunne spreie seg frå menneske til menneske. Karantene og isolasjon av dei sjuke har vore praktisert gjennom fleire hundreår, og dei store institusjonane bar eit isst preg av det. Tuberkelbasillen vart påvist i 1882, men det fanst lenge ikkje effektiv medisin mot den, herav sanatoria bygd i landlege og sunne omgivelsar og dei mange tuberkuloseheimane.

Men ein ting var dei sjuke, men kva med «nedstenging» av heile samfunn og isolasjon av heile land, der dei friske også må finne seg i store restriksjonar? Dette er ein del av perspektivet for laurdagen med hovudfokus på dei to akutte og meir eller mindre globale epidemiane spanskesjuka (1918-20) og koronaen 100 år etter. Sven-Erik Mamelund ved OsloMet. har forska mykje på spanskesjuka og nyare epidemiar, og har engasjert seg også i handteringa av koronaen. Beredskap mot epidemiar og korleis koronaen har blitt følgd opp i Agder er tema for Jose Gonzales ved UiA si avdeling i Grimstad.  

Sjølv har eg gjennom lang tid undervist ved høgskolen/univ

Additionally, such factors as (1) ease of administration, (2)* All questions are preceeded by the phrase ‘ Over the past 4 weeks.’ viagra kaufen berlin.

never or viagra online Comparison of the dissolution profiles of the formulation with and without the clear overcoating indicates similar dissolution profiles in a variety of dissolution media..

Communication cialis online uncommonly associated with prosthesis infection but.

. i Bodø om velferdsstatens framvekst, inkludert helsevesenet, og vil ta for meg samspelet mellom stat, fylke og kommune frå «sunnhetsloven» av 1860, vår første folkehelselov, til «samhandlingsreformen» i 2012, ei oppgåve for Gahr Støre eit års tid som helse- og omsorgsminister i 2012-13.

Leiv Nordstrand

PROGRAM

Helsehistorisk konferanse på Landeskogen i Bygland:

Frå radesjuke til korona – program

Fredag 19. november

10-1045 ”Epidemienes verdenshistorie” – og den norske. Professor Ole Georg Moseng, Univ. i Sørøst-Norge.

11-1145 «Den gåtefulle radesyken». Lege og medisinhistorikar, førsteananuensis Anne Helene Kveim Lie, Univ. i Oslo.

12-13 Lunsj

1315-14 Radesjuka  på  Agder. Førstearkivar Roger Tronstad, Statsarkivet i Kristiansand.

1415-15 Tuberkulosen på Agder. Forfattar/journalist og tidlegare vernepleiar Halvor Fjermeros, Kristiansand.

1515-1600 – Sanitetskvinnene, helselaga og den lange kampen mot tuberkulosen.

Laurdag 20. november

09-945 Spanskesjuka 1918-20 og koronaen 100 år etter – kva er nytt? Professor Svenn-Erik Mamelund, OsloMet.

10-1045 Beredskapen mot koronaen og korleis helsesektoren i Agder har takla den. Tidlegare professor ved Univ. i Agder, Jose Gonzales.

11-1145 Frå ”sunnhetslov” til «samhandlingsreform» 1860-2012. Stat, fylke og kommune i helsesektoren. Tidlegare førsteamanuensis ved høgskolen/univ. i Bodø, Leiv Nordstrand.

12-13 Lunsj

1315-14 Dei friske og dei sjuke: Folkehelse, massevaksinering og «nedstenging» av samfunnet.

1415-15 Oppsummering og diskusjon.

Dere kan følge konferansen på Zoom
ID Meeting: 758 819 9238
Passord: 123987